tirsdag 23. juni 2009

eit stort stykke norsk idyll

Foto: Privat

Her budde me i helga. På Nes Gard i Lustrafjorden. Etter breturen vart det reker, bål og føling i fjæra. Inkludert synkronsymjing. Nes Gard må vera så nærme "himmerike" som ein kan kome her på jorda. Bevertninga var heilt framifrå, og slår eit kvert femstjerners hotell langt ned i fjøsstøvlane! Dei kunne by på fem slag heimelaga syltetøy av lokale bær, og alskens anna heimespøta og lokalprodusert pålegg. Sjølv sengetøya verka ekstra reine og freistande på den nyrestaurerte storgarden med panoramautsikt til Feigumfossen. Og isen til kveldens likør, den hadde me henta med oss frå breen. Sjølvsagt. Hjortesteika me fekk til hovudretten var så steikjande god at det ikkje vart råd med å ta seg tid til fotografering. Eit lite tips: Kyrkja ligg rett nedom garden, så staden er perfekt for folk som skal feira bryllaup. Eit par i følgjet vårt gjekk hen og booka seg inn...

2 kommentarer:

pollka sa...

fiiine bilder!

Åsa sa...

Ja, men det hjelper med sånne flotte kulisser! :)