onsdag 24. juni 2009

heim langs snøvegen

Foto: Privat

Då vi køyrde heim på søndagen tok vi vegen over Aurlandsfjellet. I dag køyrer dei aller fleste strake vegen gjennom fjellet, i verdas lengste tunnel - Lærdalstunellen. Men om det har lidd langt nok på sommaren til at den gamle vegen mellom Lærdal og Aurland er open, og ein tek seg litt ekstra tid, er det ein mykje flottare oppleving å ta vegen over fjellet. Vegen vert kalla Snøvegen fordi ein kan køyre kilometer på kilometer gjennom snødekt landskap til langt ut i juli. I nedstigninga mot Lærdal finn du eit av verdas flottaste utsiktspunkt. Det heiter Stegastein og er teikna av arkitektane Tommie Wilhelmsen og Todd Saunders, som har vunne fleire prisar og vekka internasjonal merksemd med prosjektet.

3 kommentarer:

Mariann sa...

Så utrolig flotte bilder fra et flott sted Åsa :o). Litt uvant med nynorsk på bloggen, men liker det faktisk bedre :-) Hvordan står det til med husbyggingen forresten??

Åsa sa...

Takk for det Mariann!
Når det gjelder husbyggingen, så venter vi fremdeles på det nye skjøtet. Så vi kan ikke gjøre noe før vi har fått det :) Men det kommer. Ting tar bare litt tid ;)

Mona Grønningen sa...

Eg synest at du er blitt svært dyktig i nynorsk Åsa, og vonar eg får sjå fleire postar med dette målføret i framtida! ;)